Botnahytta

Rebuilding Little Canada at Botnavatnet

Rebuilding Little Canada at Botnavatnet





This webpage uses the free demo version of RWML Base v2.2.0
Bror til Fredrik, Knut, var oppe med fjordingen og frakta tømmeret til byggeplassen. Sutak og golv bar Fredrik og brørene hans Knut, Einar og Haldor opp Baggjeskaret hausten 40 og lagra det i sørenden av Botnavatnet. Så transpoterte dei materialane over  isen om vinteren.

Noko kløva Knut opp med fjordingen om Baggjeskaret, ein utruleg prestasjon, for der er det bratt. Hytta vart lafta og bygd våren og sommaren 1941 av Osvald Klausen Hisdal frå Midtsæter (kjem tilbake til han), Fredrik og brørene.

Johannes Lyssand var med og bar opp kjørepapp-rullane og Jakoben var med på takåsane. Vi låg i telt og åt røykjesild og kalde poteter, fortalde Fredrik.

Så vart først Haldor, 19 år, ettersøkt av gestapo, i september 1942, og så Fredrik.




Stacks Image 20

Her kan du fortelja om tobakkproblema til Fredrik og Osvald som tæmde pipo til Jacoben.
Magda Heggland.
Bak frå venstre: Fredrik Øvredal med hagla og hund, Borgny Øvredal, Haldor Øvredal, Birgit Øvredal og Vincent Heggland.