Botnahytta

Rebuilding Little Canada at Botnavatnet

Rebuilding Little Canada at Botnavatnet





This webpage uses the free demo version of RWML Base v2.2.0
Hytta, som ligg avsides til, viste seg som ein ypperleg gøymestad for folk som var ettersøkte av Gestapo, og vart mykje brukt frå 42 til 45 av  Milorg- og Saborg- folk frå Os, Samnanger og Bergen.

Der var berre ein episode med besøk av tysk patrulje, men då var folket i hytta,som hadde vakthald både mot Øvredalen og Rolvsvåg, varsla og hadde rydda.

Søster til Fredrik og Haldor, Marta, hengde ut kvitt laken i lemsglaset i Øvredalen dersom det var tyskarar i dalen.

På nord og aust sida var det folket i Rolvsvåg ( spes. Anna og Nils Rolvsvåg) og på Solbjørg som varsla.





Stacks Image 18


Bildet viser nokre av motstandsfolka som budde i hytta i 1944.

Frå venstre Jakob Hjelle, Torbjørn (Tobben) Lyssand, Kjell Harmens, Ivar Dyngeland, Haldor Øvredal og Rolf (Piten) Olsen.