This webpage uses the free demo version of RWML Base v2.2.0
Frå Samnanger historielag si årbok 2013
“Krigsåra 1939 – 1945, slik Rolvsvåggrenda opplevde dei” av Johannes Lid
Anna Utskot som var hushjelp (taus) hos Anna og Nils Rolvsvåg har ringt meg og gitt sine faktaopplysningar om tyskarbesøk våren 45. Tyskarane kom ikkje frå Rolvsvågsida, men frå Lønningdal, truleg fordi det der var lettare å få forsterkningar om dei skulle møta motstand.
Anna hadde rodd heim til Utskot ein søndag, og då ho kom tilbake til Rolvsvåg sat Aksel Hope i stova. Både Anna og Nils var vekke. Aksel hadde fått tips om at det var rassia i Lønningdal og at tyskarane var på veg til fjells. Han hadde butikk og var sterkt involvert i illegalt arbeid. Det var ingen telefon i Rolvsvåg på den tida. Aksel Hope rodde då over fjorden til Rolvsvåg for å informera. Anna skunda seg til Botnahytta, ho var sprekare til å gå enn Nils, som hadde astma.
I Botnahytta var mange samla av di dei feira ein gebursdag den dagen. Dei hadde det varmt og godt i hytta. Her vart det rydda i ein fart og ovnen vart kjølt ned. Så fordelte dei seg i terrenget. Hyttefolket såg ingen tyskarar, men dagen etter såg dei spor til ein haug vestom Botnavatnet. Der hadde patruljen snudd. Hadde dei gått opp på neste haug, hadde dei sett hytta.