This webpage uses the free demo version of RWML Base v2.2.0
Det vi ser for oss vidare er at hytta skal fungera som turmål og krigsminnesmerke.
Samnanger Turlag har, i samarbeid med Kommunen, merka og rydda løypa frå
Rolvsvåg til hytta.
Frå Øvredal er det merka løype frå parkeringsplassen ved klubbhuset. (A)
Os Turlag er interesserte i å få til og rusta opp ei løype, i samarbeid med grunneigarane, der ein kan starta på Lønningdal eller i Øvredal og gå ei rundløype, som vil ha hytta som delmål, om Baggjeskaret, Stordalen og aust om Øvredalsvatnet.
Aust om vatnet ligg Grålio som folket i Øvredalen brukte som veg fram til 1954, då det kom kjørbar veg til dalen. Dette vert ein dagstur, om det er mogeleg å få til.
Korleis framtidig vedlikehald og ettersyn av hytta og uteområdet skal organiserast har vi ikkje heilt klart for oss enno, men antar det må verta gjennom ei stifting.
Det gler oss å sjå at hytta alt er blitt eit mykje besøkt turmål.

Om det blir vanskelg å få opna Grålio, går det sjølvsagt å gå vegen.